Gratis og uforpliktande verdivurdering // Åsane

Arrangementsinformasjon

GRATIS OG UFORPLIKTANDE VERDIVURDERING 

Nokre-og-førti år gamle Hanne bur saman med Andreas og to små born i ei leilegheit som ho vil seie er perfekt for studentar eller einslege. 

Så dukkar draumehuset i sjølve draumegata opp på finn.no. Hanne har studert nabolagsprofilane for heile byen, og ingen har betre nabolag enn her. Det er ein ressurssterk bydel med godt utbygde idrettsanlegg og ein høg andel sosialistiske veljarar. Dei tenker ikkje berre på seg sjølve her, nei! 

Viss dei berre får kjøpt det huset, skal ho starte dagen i treningsklede. Ho kjem til å bli så sprek at ho har overskot til alle. Heilt umerkeleg vil ho smelle saman ei røre og servere sveler til alle ungane, og naboane vil vere så gode venner at det er naturleg å ha grillfest saman. Og viss ho berre finn den rette eigedomsmeklaren, vil dei ikkje då få betre takst på leilegheita og «ja» til nytt huslån? 

Vi følger Hanne og Andreas i dagane fram mot bodrunda. Fleire spørsmål melder seg: Kven er det som eigentleg har dratt lasset i alle desse åra? Er lengten etter draumehuset like mykje eit forsøk på å få forholdet til å henge saman? Og kva konsekvensar får fortidas små og store svik for den viktige avgjerda som ligg framfor dei? 

«Gratis og uforpliktande verdivurdering» er basert på boka til Marit Eikemo, ein knakande god pageturner om moderne, norsk kvardagsliv. 

 

Kunstnarleg lag 

Forfattar Marit Eikemo 
Dramatikar Mari Hesjedal  
Regissør Linn Meyer Kongshavn  
Scenograf og kostymedesignar Mari Lotherington 
Komponist Marianne Stranger 
Lysdesignar Krystian Myska 
Dramaturg Miriam Prestøy Lie 
Ansvar for scenisk språkovergang Terje Lyngstad 

 

Medverkande  

Idun Losnegård  
Kyrre Eikås Ottersen 
Carina Furseth 
Peder Lauvås
 

 

Framsyningslengd: 1 time og 30 min


TRYGT TEATERBESØK: 

Teater Vestland følger myndigheitene sine forskrifter og retningslinjer for å skape eit sikkert miljø for publikum og tilsette. Når du besøker teateret ber vi deg om at du:

- Held god avstand til andre besøkande

- Følgjer retningslinjene for inn- og utgang

- Er nøye med hand- og hostehygiene

- Ikkje besøk teateret dersom du er har luftvegssymptom eller sit i karantene.

teatervestland
turneteater
hordalandfylke
sognogfjordanefylke
vestlandfylke
kyrreeikasottersen
idunlosnegard
carinafurseth
pederlauvas
gratisoguforpliktandeverdivurdering
mariteikemo
norsksamtidsdramatikk
fraboktilteater
åsane
åsanekulturhus
bergen