Bondetinget // Innvik

Arrangementsinformasjon

Bondetinget

- ei dokumentarteaterframsyning om norsk landbrukspolitikk

I år feirar Norges Bondelag 125 år i teneste for den frie, norske bonden. Landbruket har vore i ei rivande utvikling. No produserer drygt 36.000 bønder meir mat, og det billigare, enn 350.000 bønder gjorde etter krigen. Aldri før har så mange produsert så mykje for så lite.

Noko er stole frå dei norske distrikta. Konsekvensane er utarma bygder, nedlagde gardar, utdøyande bygdesamfunn og eit raseri som feiar over landet vårt i val- og jubileumsåret 2021. Korleis kom vi hit? Og vil bygdene våre overleve?

Framsyninga «Bondetinget» i regi av Torkil Sandsund er ei undersøkning og eit djupdykk ned i historia. Vi samlast til bondeting for å granske paradoksa mellom uttalt landbrukspolitikk og dei faktiske resultata for utkantane frå krigen og fram til i dag - kort og godt finne sanninga om kva som skjedde.


Kunstnarleg lag

Av Torkil Sandsund
Regissør Torkil Sandsund
Dramaturg Cecilie Grydeland Lundsholt og Aslak Moe
Lysdesignar Krystian Myska
Visuelt uttrykk Torkil Sandsund

Medverkande 

Kyrre Eikås Ottersen


Framsyninga varar i ca 2 timar inkl. pause.


NB!

Publikum vert plassert i salen i kohortar. Om ikkje anna er informert, tar vi utgangspunkt i samla billettkjøp per person.

Vi oppmodar om å kjøpe billettar samla dersom de er ulike billettkjøparar i same kohort og ønsker å sitte saman på framsyninga.


TRYGT TEATERBESØK: 

Teater Vestland følger myndigheitene sine forskrifter og retningslinjer for å skape eit sikkert miljø for publikum og tilsette. Når du besøker teateret ber vi deg om at du:

- Held god avstand til andre besøkande

- Følgjer retningslinjene for inn- og utgang

- Er nøye med hand- og hostehygiene

- Ikkje besøk teateret dersom du er har luftvegssymptom eller sit i karantene.

teatervestland
turneteater
hordalandfylke
sognogfjordanefylke
vestlandfylke
kyrreeikasottersen
torkildsandsun
bondetinget
bondeoppgjeret
landbruk
landbruksoppgjeret
teaterdokumentar
truecrime
innvik
heimlund